lørdag 22. november 2008

Nysnork....

Nå har eg bestemt meg.... eg skal frå denne stund byrja å skriva nynorsk. Her i Torvikbukt har man nemleg nynorsk på barneskulen. Eg føler difor behovet for å øva meg, slik at eg kan vera til hjelp for ungane mine når det kjem til den tid. ¨Men eg må innrømme eg slit, orda hengjer som sirup i fingrane før dei når tastaturet. Men på den posetive sida, føler eg at fleire av mine hjernecellar vakner og byrjar å arbeide ganske så aktivt der inne. Det er like før eg hiver meg på eit eller anna nettstudie. Trangen for å skrive dikt, prosa og anna lyrikk er også der. Eg er med eit klokare, venstre hjernehalvdel har stått opp fra de daude, etter å ha vært i dvale i 10 år. Eg hadde nemleg nynorsk på barne og ungdomskulen. Ikkje at eg var eit hakk klokare og bedrevitande på den tia. Det kan nok mange, inkluderande mi mor skriva under på.
No skal eg melde meg inn i dikt.no, og så er eg spent på kor mange feil eg har skrive. Rød R for rett, grønn V for feil.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Velkomen til det nynorske liv:D Kjempekoseleg altså! Og takk for herleg kommentar på bloggen min, det ER eit nydeleg dikt:)
Eg meinar du var flink til å skrive nynorsk eg, særleg med tanke på at det er 10 år sidan sist.
Og du, for nokre fantastiske bilete av ungane når dei sover - heilt herleg:D

Anonym sa...

Halleluja!

marianne sa...

HAHA:D E det berre mej, eller kom gullkorna som perle på ei snor når du skreiv nynorsk?:) Artig, artig:D Klem